Abonnementsvilkår

Abonnementsvilkår Komplett
Abonnementet gir tilgang til alt innhald digitalt, med e-avis og Synste Møre sine Pluss-produkt. Papirutgåva vert også levert til registrert adresse på dagar den kjem ut.
Du kan flytte abonnementet til ny fast adresse eller til ferieadresse. Enkelte leveringar vil kunne medføre auka kostnadar (porto utanriks).
Dersom avislevering skulle utebli, vil Synste Møre sitt erstatningsansvar avgrense seg til det beløpet du har betalt for den perioden avisleveringa har uteblitt.
Abonnementet kan delast med andre personar som er registrert på same husstand som abonnenten. Ved misbruk kan abonnementet verte stoppa.

Abonnementsvilkår Digital
Abonnementet gir tilgang til alt digitalt innhald, med e-avis og Synste Møre sine Pluss-produkt.
Abonnementet kan delast med andre personar som er registrert på same husstand som abonnenten. Ved misbruk kan abonnementet verte stoppa.
For bedrifter kan abonnementet delast med inntil fem tilsette for bruk i arbeidstida. Bruk utanom arbeidstid krev privat abonnement.

Generelle vilkår
Abonnement på Synste Møre vert forskotsbetalt og løper til det vert sagt opp. Ved oppseiing løper det ut perioden du har betalt for, men blir ikkje fornya. Ved kampanjekjøp vert abonnementet endra til eit ordinært abonnement når kampanjeperioden er over.
Synste Møre kan til kvar ei tid endre pris på løpande abonnement.
Tilgangen til digitale utgåver er knytt til ditt personlege abonnement. Forseinkingar eller nedetid på digitale utgåver og tenester vert ikkje godskrive. Det er ikkje tillate å dele abonnementet eller gi bort passordet til andre utover deling via familieabonnement.
Abonnentar må til ein kvar tid sørge for at Synste Møre har korrekt kontaktinformasjon.
Om du ikkje har betalt abonnementet innan rimeleg tid etter forfall vert avisleveringa og/eller digital tilgang stoppa, og du vert fakturert uteståande beløp.

Ung vilkår
Gjeld for deg mellom 18 og 30
Abonnementet er kun digitalt, og inneheld eAvis og pluss-artiklar. Gjeld t.o.m. året du fyller 30 år.
Abonnementet forutset at vi kan kommunisere med deg per mail.
Ved tinging må fødselsdato oppgis og kopi av legitimasjon på kunne verte framvist ved forespurnad. Kan ikkje dette framvisast, kan Synste Møre endre abonnementet til ordinært digitalt abonnement. Du vil få ei påminning om dette før fristen går ut.

Vilkår ved kjøp av abonnement på digitale flater
Det er 18-års aldersgrense for kjøp via digitale flater hos Synste Møre. Kjøpet kan hevast innan 14 dagar. Ta kontakt med Synste Møre ved spørsmål om heving av kjøp. Etter angrerettlova går angreretten tapt på kjøp av digitale tenester i det ein tar i bruk tenesta.

Bruk av personopplysningar
Synste Møre er opptatt av å ivareta ditt personvern på ein god måte, gi deg god informasjon, og gi det moglegheit til å avgjere korleis dine data skal samlast og brukar.
Kopiering: Alle artiklar, fotografi og grafikk med meir vert stilt til råde for vising. Du må gjerne dele saker/artiklar i sosiale media, men då med direktelenke til aktuell sak/artikkel. Det må gjerne skje utskrifter av ein papirkopi til eige personleg bruk. Ytterlegare bruk og framstilling krev skriftleg avtale med avisa. Verksemder må ikkje skrive ut materiale til bruk for tilsette i verksemda eller for kommersielt bruk. Dette gjeld også vidareformidling i elektronisk eller digital form. Dette gjeld ikkje deling av artiklar i sosiale media så lenge ein ikkje gjengir innhald i artikkel/sak. Ved brot på desse retningslinene vil abonnementet verte stoppa umiddelbart. Det vert ikkje gitt refusjon i slike høve.
Det vert her vist til opphavsrettlova.